Porselensstudio

Kvist Porselen Studio er eit føretak av og med Maria Sæter. Maria er busett på Grøtt, Vatne, i Haram Kommune langs Sunnmørskysten, der ho bur saman med familien sin. I 2014 starta Maria sitt eige føretak med hovudfokus på å produsere særeigen porselen av høg kvalitet, rett frå sin eigen verkstad på garden heime. I denne verkstaden har Kvist óg eit utsal du kan besøke for å handle eller sjå nærare på produkta eller produksjonen.

Produksjon

All produksjon skjer frå verkstaden heime på Grøtt, Vatne, i Haram Kommune, men det er mogleg å bestille produkt frå heimesida, samt møte Maria ved ulike messer og arrangement rundt om kring i både regionen og landet elles. Følg med på Facebook for meir detaljert informasjon om messer og andre arrangement.

Trelokka som kan kjøpast som tilbehør til fleire av produkta er laga i ubehandla eik og er handlaga av tredreiar Bjørn Torper.

Opningstider

Måndag til fredag mellom 09.00 og 15.00.
Det er mogleg å besøke verkstaden utanfor opningstida , berre ring 47372260 eller send epost til maria.saeter@gmail.com. For meir detaljert informasjon rundt opningstider og andre ting kan du følgje Kvist på Facebook.


 

 

 

Using Format